Tuesday, December 12, 2006

Vårt prosjekt...

Reinli skule har ikkje eit klart definert prosjekt. Skulen får ingen prosjektmidlar, men eg er så heldig å få vere med på nettverkssamlingane.

Eg arbeider på mellomtrinnet, og bruk av IKT er ein del av kvardagen for elevane - som eit hjelpemiddel i arbeidet. Elevane gjer seg nytte av prosjektoren som står i klasserommet når dei skal ha ulike framlegg.

Når det gjeld utstyret har vi mykje gamalt utstyr på skulen, men vi har eit datarom som fungerar godt i forhold til det ungane treng og meistrar pr. dags dato. Kommunen har no bevilga pengar til oppdatering, og det er ansatt ein som skal ha IKT-ansvaret for alle skulene i kommunen. Det gler vi oss til.....

Kommunen har investert i PedIt, som læringsplattform, og vi har ein del ugjort arbeid med å utnytte alle dei moglegheitene som ligg i det programmet. Dette må ein ansjå som vår skule sitt prosjekt.

No comments: