No er eg endeleg inne på bloggen min...
Etter mange runder med oppretting av Google-konto, gløymde passord, surr og rot, kan eg no skrive inn mine refleksjonar etter siste samlinga i vår.
Sett i samanheng med forrige samling med Kjetil var denne samlinga heilt topp med tanke på samansette tekstar. For meg er det viktig med "knaggar å henge ting på", og antageleg er eg ikkje den einaste..
Seansen med diskusjon rundt korleis ein skal vurdere samansette tekstar var nyttig.
Har no fått mange tankar om korleis eg skal bruke dette i skulen, så no gjenstår det å få det ut i praksis.
Har i tillegg vore på kurs i PedIt og fått opplæring i prosessorientert skriving og arbeidsplanar ved hjelp av denne læringsplattforma. Neste steg blir å få til dette i kvardagen med elevane.
Saturday, April 21, 2007
Subscribe to:
Posts (Atom)